Lillebjorn Nilsen – Letras de Ola Tveiten

Álbum: Portrett

Lillebjørn Nilsen - Olav Tveiten

Eg heiter Ola Tveiten og eg er ein arbeidsmann
Eg eig ein traktor og meg sjøl og gjer så godt eg kan
Og bjørnen ligg i sitt vinterhi, men det gjer ikkje eg
For i heile vinter har eg vore med og rydda veg

Og vegen blei fin og brei og slett
-Sudelida sudelidei!
Den finaste eg har sett
-Sudelida sudelidei!
Nei, det var ingen krøttersti
Om ikkje han ligg her til evig tid
så skal eg eta opp lua mi
-Sudelida sudelidei! (Hei!)

Tra la lalala la!
Fyll opp mitt tomme krus!

Og eg har vel lempa pukkstein og eg har vel lempa grus
Og eg har vel lengta heim ein gong til kjerring og til hus
Og eg har vel budd på brakke i vekesvis i trekk
Og eg har vel banna om kvelden og ønska meg ti mil vekk.

Og dagen var lang og han var svart.
-Sudelida sudelidei!
Arbeidet var tungt og hardt.
-Sudelida sudelidei!
Spør du meg skal du få svar
det var arbeid for ein kar
i frå oktober til januar.
-Sudelida sudelidei!

Tra la lalala la
Fyll opp mitt tomme krus!

Og snart skal vegen opnast med mange store ord
Så får vi sjå ein kakse som kan klippe av ei snor
Og narren står og smiler – vi har sett det så ofte før
Og held sin takketale for den stolte kontraktør.

Så ropar dei alle høgt hurra
-Sudelida sudelidei!
Får biletet sitt i bla'
Sudelida sudelidei!
Men du finn nok ikkje oss
blant alle dei fine folk i floss
Nei, du kan be dei dra til Moss!
-Sudelida sudelidei!

Tra la lalala la!
Fyll opp mitt tomme krus!

Og når du sit i bilen din ein skinande sommardag
Så send ein venleg tanke til eit trufast arbeidslag
Som har jobba seg fram etter vegen fleirfoldige tunge mil
For at du skal få trø på ein gasspedal og kjøra kvar helst du vil

Mens vi rydda vegen bit for bit
-Sudelida sudelidei!
Kvar meter har kosta slit
-Sudelida sudelidei!
Men vegen skal du ha
Om ikkje du tykkjer han e' bra
Lukt te' helvete kan du dra!
-Sudelida sudelidei!

Tra la lalala la!
Fyll opp mitt tomme krus!

Añadido por Guest